• Vikafjellstunellen Intro B
  • Vikafjellstunellen Intro C
  • Vikafjellstunellen Intro D

Nasjonal transportplan NTP 2018 - 2029 - Fråsegn frå Vik kommune

Me viser til brevet dykkar datert 17.3.2016 om fråsegn til komande NTP, og til transportetatane sitt grunnlagsdokument lagt fram den 29.2.2016. Innleiingsvis vil Vik kommune generelt nemna:

  1. Me er samd i at det er viktig også å prioritera drift og vedlikehald for å ta att lang tids etterslep og støttar minst «høg ramme» . Dette er nødvendig for å nå nasjonale mål både for drift/vedlikehald og investeringar.
  2. Me meiner arbeidet for rassikre og trygge vegar må intensiverast og stiller oss bak kravet om min. 2 mrd. årleg i heile planperioden til slike tiltak.

Vikafjellstunnelen:

Vik kommune vil på det sterkast be om Vikafjellstunnelen blir prioritert i komande NTP, med investeringsmidlar til oppstart i første del av planperioden. Grunnlagsdokumentet til NTP er stort med mange mål og prinsipp. For det vidare legg me til grunn fylgjande, slik me tolkar dokumentet: 

  • Det er i år ikkje laga framlegg til ny NTP frå transportetatane, men eit dokument som grunnlag for vidare politisk handsaming.
  • For ikkje påbyrja prosjekt (nye) skal det føretakast samfunnsøkonomisk analyse og prioriterast etter dette, jfr. retningslinjer for transportetatane sitt arbeid pkt. 3 og 10.    I slik analyse er kostnad og trafikk avgjerande.
  • I «prioriteringstabellar» for prosjekt er nytta netto nytte pr. budsjettkrone NN/B, m.a. på side 211 i plandokumentet.

Slik me les grunnlagsdokumentet inneheld det fleire positive tiltak for Vik. Dette gjeld Vik-Vangsnes (side 209) som bunde prosjekt (rassikringstiltak), og tilrådd løyving til rassikring i Kvassdalen (side 212).

Når det gjeld hovudkravet vårt; Vikafjellstunnelen, er dette prosjektet ikkje teke med i prioriteringa i grunnlagsdokumentet, jfr. side 211. Grunnen til det er, etter vårt syn, at vegetaten har halde seg strengt til kost/nytte prinsippet. For distrikta, meiner me dette slår særs uheldig ut, jfr. nedanfor. 

For Vikafjellstunnelen – RV 13, er det viktig å ha med seg fylgjande:

A. Tunnelen er inne i gjeldande NTP.

I prosessen fram til endeleg vedtak i Stortinget, hadde alle politiske vedtaksorgan; kommunar, fylkeskommunar, regjering og Storting tunnelen med. Dette tyder sjølvsagt at desse organa har vurdert argumenta for prosjektet slik at tunnelen må byggjast. Det stolar me på vert resultatet også no. Me vil også minna om at ved handsaming av gjeldande NTP i Stortinget i 2013, meinte begge noverande regjeringsparti og KrF at tunnelen måtte framskundast i høve til framlegget frå regjeringa.

B. Tiltak på RV 13 som har verknad for Vikafjellstunnelen.

Rassikringsprosjekt står sjølvsagt på eigne bein, men både Vik-Vangsnes og spesielt Kvassdalen, har Vikafjellstunnelen som føresetnad i planarbeidet. Vik-Vangsnes med planlagt mellombels steindeponi på 300 000 m3 like utanfor planlagt tunnelinnslag. (Steinen frå Vik-Vangsnes er av god kvalitet til bærelag, noko tunnelmassen for Vikafjellstunnelen ikkje har). Kvassdalen som har i teksten «bygging av tunnel medtilstøytande veg» og nemner fleire skredfarlege stader som vert borte ved å byggja Vikjatunnelen. Tunnelmasse frå Vikjatunnelen vil utgjera massen som skal til for å byggja rasvollar (stort omfang).

C. Samfunnsøkonomiske vurderingar.

Å vurdera vegprosjekt i distrikta etter kost/nytte, der dei vesentlege momenta er kostnad og trafikkmengde, vert etter vårt syn ikkje rett. Geografien tilseier ofte at prosjektet vert dyrt og ein har ikkje trafikkgrunnlag som finst rundt dei store byane/tettstadane. Men like fullt har ein bygd vegane. Og dei aller fleste prosjekta har vist seg å vera utviklingsfremjande. Ein får utnytta ressursane som er i distrikta betre, og får skapa enno meir verdiar både for distrikta og storsamfunnet.

D. Argumenta for Vikafjellstunnelen.

I tillegg til det som er halde fram ovanfor, vil me nedanfor lista opp ein del sentrale moment som me meiner er viktige argument for prosjektet Vikafjellstunnelen:

  • Samfunnstryggleik og beredskap, jfr. Samferdsledepartementet sine retningslinjer pkt. 5.4.8. Me har dei seinaste åra opplevd store hendingar på vegnettet som har resultert i utfordringar på tryggleik og beredskap. Vikjatunnelen vil vesentleg betra stoda i regionen (alternativ omkøyringsveg).
  • Regionbygging. Vikjatunnelen bind Sogn, Voss og Bergensregionen betre saman, og vil gje grunnlag for å utvikla ein ny bu- og arbeidsmarknadsregion. I dagens debatt og mål frå regjeringa om meir slagkraftige regionar/einingar, er Vikjatunnelen eit særs godt bidrag. Når ein vurderer prosjektet også opp mot planane for veg- og jernbaneutbygging Voss-Bergen, vert Vikafjellstunnelen ikkje mindre viktig, for heile indre deler av Sogn. Reisetid Sogndal-Bergen vil bli 30 min kortare enn alternativ reiserute om indre Sogn.
  • Planstatus. I tillegg til hovudplan som var ferdig 2006, er det no ferdig reguleringsplan på Viksida. Reguleringsplan for Voss-sida og for sjølve tunnelen står att, men planstatus gjev grunnlag for oppstart i første del av komande planperiode.

Sluttmerknad:

Vik kommune vil på nytt minna styresmaktene om tidlegare lovnader for Vikafjellstunnelen. Vikjasamfunnet si utvikling og framtid er avhengig av at prosjektet no blir realisert. Storsamfunnet kan ikkje lenger stillteiande akseptera at ein heil kommune er isolert store deler av året. Vik kommune ber på det sterkast om at det blir løyvd investeringsmidlar til prosjektet i første del av komande planperiode. Dette vil passa godt i lag med planlagt framdrift for rassikringsprosjekta Goteviktunnelen (Vik-Vangsnes) og Kvassdalen.

Med helsing
Olav Turvoll
-ordførar- 

Voss kommune, Del av NTP-uttale

R 13
Voss kommunestyre registrerer med skuffelse at tunnel under Vikafjellet på R13 no ikkje ligg inne i grunnlagsdokumentet. Vegen om Vik vil kople Sogn på Bergensregionen og dermed gje grunnlag for eit sterkare Vestland. Vik er i praksis isolert vinterstid og ein tunnel vil i tillegg vera avgjerande for at intensjonsavtalen mellom Voss og Vik om kommunesamanslåing skal kunne realiserast. Voss kommunestyre meiner at dette prosjektet er så viktig for Vestlandet at det må prioriterast i den komande Nasjonale transportplanen.

 

Sogn regionråd Del av høyringsuttale NTP

Vikafjellstunnelen:
Vikafjellstunnelen er prioritert i gjeldande NTP 2014-2023, men er ikkje med i transportetatane sitt grunnlagsdokument. Sogn regionråd meiner rv 13 Vikafjellstunnelen må inn i første del av Nasjonal transportplan 2018-2029. Vegen er klar til oppstart i høve overordna planar.

Rv 13 er eit indre nord-sør samband og ei ferdselsåre som bind kommunane i midtre Sogn saman med Voss og Bergen.

Fjellovergangen over Vikafjellet er definert som heilårsopen, men er den mest vinterstengde riksvegen i Noreg. Strekninga har dårleg vegstandard, er rasutsett og har høgfjellsparti som er utsett om vinteren.

Tunnel er einaste løysing for å få sikker heilårsveg over Vikafjellet og vil fjerne mange krevjande raspunkt. Tunnelen vil gje ei innkorting på 8,5 kilometer og kombinert med sikker vinterveg vil dette kunne føre til vesentleg trafikkauke. Rassikringstiltaka på rv 13 Vik-Vangsnes og i Kvassdalen med bruk av masser gir rasjonell utbygging av Vikafjellstunnelen.

Tunnelen vil gje sikker og nødvendig beredskapsveg som omkøyringsveg både for E16 og E39.

 

Fjordvegen Rute 13 Del av NTP-uttale/Pressemelding 

HOVUDTREKK I UTTALEN: 

Rassikring og samfunnsnytte:
I uttalen har styret vektlagt at selskapet ber om at sikring av rasutsette parti langs Rv/Fv 13 vert prioritert med tilstrekkelege midlar i planperioden. Styret minner om at målsetjinga til Nasjonal rassikringsgruppe om at alle offentlege vegar skal vera rassikra innan 2030 vert fulgt opp gjennom løyvingar i NTP.

Rv/Fv 13 gjev svært stor samfunnsnytte for Indre Vestlandet. Løyvingar gjennom NTP som gjer denne vegen rassikker, vintersikker og med tilfredsstillande standard og vegbreidde langs heile ruta vil ha store og positive samfunnsmessige verknader.

Det er derfor særs gledeleg at eit samla styre har stilt seg bak ei felles prioriteringsliste for tiltak langs heile Rv 13 frå Sandnes til Førde. Denne fellesprioriteringa er eit svært sterkt signal om at Interesseselskapet Fjordvegen Rute 13 står samla om kva prosjekt som bør løftast fram i den endelege prioritering av tiltak på denne vegen.    

Vikafjellstunnelen på topp:
Som første prioritet for investeringar har styret sett Vikafjellstunnelen. Dette prosjektet har vore inne på tidlegare NTP-prioriteringar, men har ikkje vorte prioritert så langt til denne NTP-runden. Vikafjellstunnelen har så stor samfunnsnytte at styret meiner det må inn att som investeringsprosjekt på NTP 2018- 2029.

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune 14.06.2016 Del av NTP uttale

Fylkestinget i Sogn og Fjordane meiner at nye investeringsprosjekt i for stor grad vert vurderte på grunnlag av samfunnsøkonomisk nytte. Fylkestinget er sterkt kritisk til dette og meiner at klimaomstilling, samfunnstryggleik og samanhengande utbygging og standard må vektleggast sterkare. Fylkestinget finn det naudsynt å peike på at vegbygging historisk sett har hatt samfunnsøkonomisk nytte. Vi finn difor at modellen som vert nytta no for rekning av samfunnsøkonomisk nytte ikkje er tilfredsstillande, då den i all hovudsak finn all infrastrukturutbygging ulønsam. Det må her vektleggast at fylket utan jernbane med funksjon innan gods og kollektiv, er i ei særstilling. Fylkestinget i Sogn og Fjordane sluttar seg likevel i hovudsak til hovudmåla i transportetatane sitt grunnlagsdokument til Nasjonal transportplan 2018. 

Fylkestinget konstaterer at store bindingar gjer at det ikkje vil kome nye investeringar før i høg ramme. Fylkestinget meiner at høg ramme må aukast og leggast til grunn for investeringar i planperioden. Viktige prosjekt for Sogn og Fjordane i gjeldande transportplan er ikkje med i framlegget frå transportetatane. Dette gjeld prosjekt som utbetring av delstrekningar på E39, rv.13 tunnel gjennom Vikafjellet og rv.15 Strynefjellet. Dette kan ikkje aksepterast og nemnde prosjekt må vidareførast i neste NTP. Det må leggast vekt på at vi har eit svært omfattande og eksportretta næringsliv, som er avhengig av god infrastruktur.

 

Hordaland fylkeskommune 15.06.2016, Del av NTP-uttale

Fylkestinget støttar E16 Arna-Stanghelle som bunden prosjekt i NTP. Det er avgjerande av omsyn til kostnader/effektivitet, transportryggleik, beredskap og miljø at jernbanestrekninga Arna-Stanghelle vert bygd ut samtidig med ny veg Arna-Stanghelle, dvs. samtidig realisering av K5-konseptet på denne strekninga med oppstart i perioden 2018-21. Samla, kontinuerleg utbygging Arna-Voss både på veg og bane bør ferdigstillast i løpet av planperioden2018-29. Fylkestinget støttar utbygging av Ringeriksbanen med oppstart i 2019, som saman med Arna-Voss vil gje ein stor innkorting av Bergensbanen.

Viktige prosjekt som må prioriterast for gjennomføring i løpet av planperioden 2018-29 er:

  • Rv. 13 Vikafjellet
  • E134 Seljestad-Røldal - Vågslid
  • E39 Eikefet - Romarheim
  • E39 Heiane - Ådland
  • E16 Voss - Sogn og Fjordane grense

 

Likelydande del av høyringssvar frå Voss og Vik kommune om regionreforma

Vik/Voss kommune viser til intensjonsavtalen om ein ny Vestlandsregion der det mellom anna heiter: 

«Vestlandsregionen skal gjennom ei kontinuerleg satsing på infrastruktur og kommunikasjonar nytte synergiar mellom vekstkraftige sentra og omlandet betre. Auka samhandling og utvida bu- og arbeidsmarknadsregionar skapar sjølvgenererande vekst- og utvikling.»

I den samanheng vil Vik/Voss kommune peike på realisering av Vikafjellstunellen som eit avgjerande prosjekt for å binda den nye regionen saman. Vikafjellsvegen vil kopla Sogna- og Bergensregionen i hop, det vert sikker heilårsveg og med Bergen som porten til fjord-Noreg, vil ein her få endå betre infrastruktur inn i fjordane vår – sjølve ikonet i norsk reiseliv.

 

Betra vegstandard betrar reiselivet

Harald Haaland, administrerande direktør i Myrkdalen Fjellandsby:

På 10 år har Myrkdalen Fjellandsby vakse til å bli ein destinasjon med skianlegg, 500 fritidsbustader og hotell med 112 rom. No treng me betre infrastruktur for å veksa vidare.

Me veit betre enn dei fleste kor viktig god infrastruktur er for bygdeutviklinga. I desember 2008 opna Myrkdalstunellen, og den har betydd svært mykje for heile lokalsamfunnet. Tunellen – som me sjølv bidrog til og var pådrivarar for – har ført til stor vekst, mellom anna ved at potensielle kundar valde å kjøpa hytte eller leilegheit i Myrkdalen etter at rassikringstunellen var på plass.

No har me sett nye, høgare mål. Visjonen vår er å bli ein av Nordens beste heilårsdestinasjonar innan 2020. Det målet skal me nå, men då trengst vidare satsing på trygge vegar, mellom anna riksveg 13 og Vikafjellstunellen.

Å få på plass Vikafjellstunellen er vesentleg for reiselivet på Voss. Aksen Voss–Vik–Sognefjorden er viktig på fleire måtar; heile året. Hovudsesongen til Myrkdalen er vinteren. 5.000 dagsturistar per dag var vanleg sist sesong.

Vintersesongen 2014–2015 var Vikafjellsvegen stengt i 86 dagar. Dette er den fjellovergangen i Noreg som oftast blir stengt om vinteren. Slik uvisse kan me ikkje leva med. Planlagt dagsturisme på ein slik veg er umogleg. Vikafjellstunellen vil opna ein heilt ny marknad for oss, både for dagsturisme og sal av hytter.

Dersom me skal lukkast i å bli ein heilårsdestinasjon, må me og tiltrekka oss turistar om sommaren. Då er det fjordane folk kjem for å oppleva. Enklare, raskare og trygg kontakt mot Sognefjorden vil gjera det lettare å lokka til seg dei mange turistbussane som trålar Vestlandet. Mange av turistane kjem til Bergen med fly før dei bussar vidare på E16. Difor er me òg opptekne av å binda saman og betra vegstandarden mellom E16 og riksveg 13.

Vikafjellstunellen vil ikkje berre gjera livet betre for turistar og reiselivsoperatørar, den vil og gjera det lettare både å frakta varer og tiltrekkja seg arbeidskraft. Å utvide arbeidsmarknaden er viktig for Voss.

Me er opptekne av heile lokalsamfunnet, og meiner at trygg veg legg grunnlaget for god bygdeutvikling. I 2008 investerte me for å få på plass Myrkdalstunellen, og resultatet var vekst.

No har me bestemt oss for å bli ein av Nordens beste heilårsdestinasjonar innan 2020. Då treng me gode vegar og trygg samferdsle i alle retningar.

 

Dette seier media:

 

Startar opp planarbeidet for Vikafjellstunnelen

(NRK) Planarbeidet for Vikafjellstunnelen vil starte i år. Det har fylkeskommunen fått vite av samferdsledepartementet. Vestland fylke sende innspel om å vente med oppgraderinga av Lærdalstunnelen til Vikafjellstunnelen er klar, men fekk avslag. Til svar fekk fylkeskommunen vite at planarbeidet for Vikafjellstunnelen er på trappene. – Gledeleg, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim, som no skal passe på at handling følger ord.

Les meir

Heiste flagga til topps i 2013 – men no er tunnelen heilt i det blå

(NRK) I 2013 feira kommunen ein komande tunnel under det vêrutsette Vikafjellet. Så brast draumen. Men ein transportforskar meiner det berre gjeld å vente lenge nok.

Les meir

Ynskjer tunnel: – Vikafjellet er Norges mest vinterstengde riksveg​

(Porten.no) Det var stor breidde og stort engasjement under dialogmøtet om prioriteringar til Nasjonal transportplan denne veka. 

Les meir

Ordfører vil ta imot farlig avfall – hvis han får tunnel

Riksvei 13 over Vikafjellet er ofte stengt om vinteren. Nå håper Vik-ordfører Roy Egil Stadheim at tunnel kan bli realisert i kombinasjon med deponi for farlig avfall.

Les meir

Vikafjellet sette bom for viktig møte med Sponheim: - Fekk ein forsmak på kva som er stoda her i Vik.

Vikafjellet stengde, og fylkesmann Lars Sponheim måtte gjera vendereis. Eit tillyst møte med dei folkevalde i Vik måtte avlysast.

Les meir

Her blei bilen tatt av snøskredet

(NRK): Her står bilen klemd fast etter at den blei treft av snøskred over Vikafjellet i Sogn og Fjordane sundag.

Les meir

Bil teken av snøras på Vikafjellet

(NRK): Frode Brurås var på veg frå Bergen til Sogndal då bilen han køyrde blei tatt av snøskred på veg ned frå Vikafjellet.

Les meir

Denne fjellovergangen har vore den mest stengde

Riksveg 13 over Vikafjellet er den mest stengde fjellovergangen i Sør-Noreg så langt i vinter. Vegen har allereie vore stengd dobbelt så mange dagar som i heile fjor vinter.

Les meir

Stengt i snart ei veke: - Har vore svært vanskelege forhold

Måndag vart delar av vegen over Vikafjellet brøytt. Tysdag hadde vinden fylt vegbana med snø att.

 

Les meir

Her skulle Stortingets transportkomité ha kjørt over. Det gikk ikke.

Stortingets transportkomité fikk smake på vestlandsvinteren på sin rundtur torsdag. Ruten måtte legges om på grunn av skred og stengte veier.

Les meir

Gå i takt for Vikafjellstunnelen!

(Per Olav Opheimshaug, innlegg i avisa Hordalan) Den 1. januar 2018 tredde NTP 2018-2029 i kraft. Nye prosjekt er sett i gang, fyrste salva for Gotevikstunnelen mellom Vik og Vangsnes gjekk måndag 8. januar.

Les meir

– Men Vikafjellstunnelen er ikkje så dyr

Kostar Vikafjellstunnelen tre eller fem milliardar kroner? Ordføraren i Vik er sjokkert over at Frp og Høgre oppgir prisen til fem milliardar.

Les meir

Valekspert: Ta valløfta med ei klype salt

I Vik i Sogn har folk bitre erfaringar med politikarlovnader. Valløfte viser berre partia sine ønske viss dei hadde makta åleine, og ikkje trong kompromissa, åtvarar forskar.

Les meir

– Ein svart dag for Vik

Dei borgarlege partia gjekk hardt ut og kritiserte dei raudgrøne for å ikkje gjere nok for Vikafjellstunnelen. No har dei sjølve lempa heile prosjektet ut av Nasjonal transportplan.

Les meir

Vikafjellstunnelen i det blå

Det ligg ikkje inne fem øre til tunnell under Vikafjellet i framlegget til Nasjonal transportplan (NTP).

Les meir

Desse elevane må sitja ni timar på buss kvar helg

VIK (NRK): Elevane frå Vik, som går på skule på Voss, fortvilar over at fylkespolitikarane legg ned bussruta over Vikafjellet. Frå 1. november må dei via Sogndal.

Les meir

Ras stenger tunneler på E16 i Sogn og Fjordane

Steinras ved Gudvangen i Sogn stenger hovedveien mellom øst og vest. Tunnelene i området vil være stengt i flere dager.

Les meir

Bøyer seg for tunnelopprøret i Vik

LEIKANGER (NRK): Noralv Distad og fylkespolitikarane lyttar til protestane frå Vik-ordførar Roy Egil Stadheim og prioriterer Vikafjellstunnelen likevel.

Les meir

– No må du ordna Vikafjellstunnelen, Jenny!

VIK (NRK): Når innbyggarane i Vik seier nei til storkommune med Voss, har dei samstundes også sagt nei til ein historisk sjanse for å bruka kommunereforma som brekkstong for å få Vikafjellstunnelen.

Les meir

Voss-ordføraren lokkar Vik med tunnelfond

VIK (NRK): Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb vil pløya dei årlege kraftmillionane, som ein storkommune Vik/Voss/Aurland vil løysa ut, inn i Vikafjellstunnelen.

Les meir

Dei ber om tunnel-avklaring før folkerøysting

VIK (NRK): Folk må seia nei til kommunesamanslåing viss dei ikkje veit om dei får den nye vegen som kan knyta ny storkommune saman, seier Sp-leiar Trygve S. Vedum.

Les meir

Vikafjellsvegen er ute av vegplanen

Vikjene er opprørte over at pengane som skulle vere oppstartsløyving til ein ny Vikafjellstunnel, har forsvunne. Ordføraren forventar at regjeringspartia får tunnelen inn att i Nasjonal Transportplan.

Les meir

Om ei veke startar bataljen om vegmilliardane

VIK (NRK): I Vik, Stryn, Valdres og resten av landet rustar ordførarane til vegkamp. 29. februar kjem nemleg transportetatane sitt framlegg til Nasjonal transportplan.

Les meir

Reguleringsplan for Kålsetvegen og reguleringsendring for massedeponi i plan rv. 13 Bøadalen–Tistel

I samsvar med plan- og bygningslova, §3 – 7 og §12-14 blir det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Kålsetvegen, og reguleringsendring for massedeponiet i reguleringsplan av 2013 rv. 13 Bøadalen–Tistel, Vik kommune.

Les meir

Dei har ikkje lenger unnskyldning for ikkje å skunda fram Vikafjellstunnelen, slik dei lova

Då Fylkestinget sa nei til tunnelarm til Framfjorden, fjerna dei eit viktig hinder for å skunda fram bygginga av Vikafjellstunnelen.

Les meir

Godtek ikkje at dei mistar vinterruta over Vikafjellet

Det vekkjer sterke reaksjonar at fylkeskommunen går inn for å leggje ned bussruta mellom Vik og Voss på vinterstid.

Les meir

– Me treng Vikafjellstunnelen no!

Denne vinteren har fjellovergangen mellom Vik og Myrkdalen vore stengt i over to månadar. No er innbyggjarane lei av å vente på oppstarten av den lova Vikafjellstunnelen.

Les meir

Lovar å stå på for framskunding av Vikafjellstunnelen

Medlem av transportkomiteen, Torill Eidsheim (H), lovar å halde fram arbeidet for å få framskunda Vikafjellstunnelen. Men framleis ligg tunnelen i siste del av Norsk Transportplan.

Les meir

- Tunnel gjennom Vikafjellet er aktualisert etter ras over E39

– Dagens situasjon viser behovet raskare oppstart for tunnelen gjennom Vikafjellet, meiner høgrepolitikaren Morten Midlang.

Les meir

Vart lova framskunding av Vikafjellstunnelen – statssekretær bryt vallovnad

VIK (NRK): Vikafjellet har vore stengt halvpartane av dagane i vinter. Folk i Sogn er irriterte på regjeringspartia som i stortingsvalkampen lova å skunda fram byggjestarten på ein trygg tunnel gjennom fjellet.

Les meir

Sida er eigd av Vik kommune Vik kommune

Roy Egil Stadheim, ordførar. Tlf. 488 91 476
roy.egil.stadheim@vik.kommune.no

Fylg Vikafjellstunellen på Facebook: Facebook

© Nettstad: Logolink